Museet for samtidskunst

Museet for samtidskunst viser skiftande utstillingar av både innlånte verk og verk frå eiga samling. Hausten 2017 startar samtidskunsten ferda mot det nye Nasjonalmuseet.

3. september 2017 er siste opningsdag for Museet for samtidskunst. Fram til det nye Nasjonalmuseet opnar i 2020, vil samtidskunsten vere representert gjennom skiftande utstillinger i Nasjonalgalleriet og Mellomstasjonen.

Før kunsten kan presenterast for publikum i det nye museet på Vestbanen, må ein dokumentere, konservere og pakke samlinga. I det nye museet får publikum for første gong sjå ei fast samlingsutstilling av samtidskunst, som vil dekke heile 2.300 kvm, i tillegg til skiftande utstillinger. Samtidskunsten vil skine i heilt nye samansetningar, i samspel med eldre kunst, design og arkitektur.

Les meir om samtidskunstens ferd mot det nye Nasjonalmuseet her.

Samlinga

Nasjonalmuseets samtidskunstsamling består av ca. 5 000 norske og utanlandske verk frå perioden etter 1945. Samlinga spenner over eit breitt spekter av sjangrar og uttrykksformer; måleri, grafikk, teikning, fotografi, skulptur, objekt, installasjon og video.

Museet opna for publikum i 1990, med sentral plassering på Bankplassen i Oslo, i det som før var Noregs Banks lokale. Den vakre jugendstilinspirerte bygningen i norsk granitt og marmor stod ferdig i 1906. Arkitekten var Ingvar Magnus Olsen Hjorth (1862–1927). Museet har rundt 2 000 m2 utstillingsareal over to etasjar, med den store Banksalen i 1. etasje som eit hovudfokus. I 2003 blei museet ein del av Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

Faste installasjonar

Publikum kan også sjå faste installasjonar som Per Inge Bjørlos «Indre rom V. Målet» og gallerirom vigd til Louise Bourgeois.

Av dei faste installasjonane i museet inngår to gallerirom vigde til ein av dei mest respekterte kunstnarane i vår tid, fransk-amerikanske Louise Bourgeois (1911–2010). Ho blei inspirert av nesten alle avantgarderørslene frå det 20. hundreåret, men bevarte ein genuin personleg stil i den uredde behandlinga si av store psykoanalytiske tema som familierelasjonar, seksualitet og menneskelege kjensler som angst, sjalusi, einsemd og sorg.

Ilya Kabakovs «Søppelmannen»

Ilya Kabakovs installasjon «Søppelmannen (Mannen som aldri kastet noe)» (1988–95) skal bli ein del av det nye Nasjonalmuseet. Men først skal museets konservatorar forsiktig ta ned og pakke verket. Siste sjanse til å oppleve «Søppelmannen» i Museet for samtidskunst var derfor søndag 23. april.

 Adresse: Bankplassen 4, Oslo

Trikk: 12, 13, 19 til Kongens gate
T-bane: Stortinget stasjon. Alle linjer stoggar her
Buss: 60 til Bankplassen, 30, 31 til Kongens gate, 32 til Dronningens gate

Opningstider

Måndag: Stengt
Tysdag: 11.00–17.00
Onsdag: 11.00–17.00
Torsdag: 11.00–19.00
Fredag: 11.00–17.00
Laurdag: 12.00–17.00
Søndag: 12.00–17.00

Billettprisar

Tilgjenge

Inngang for publikum som bruker rullestol ved personalinngang (Kirkegata). Kontakt vakt i resepsjonen.

Utfyllande informasjon om tilgjenge i bygningen finn du på www.byggforalle.no

Visningssteder 98 40 ./9Swp1Y45.ips no/besok_oss/visningssteder/ MenyplasseringHovedmeny Overstyr URL#locations 2

Arrangementer