Livets dans. Samlingen fra antikken til 1950

Nasjonalgalleriet
Fast utstilling

Kjøp billetter

Bli med på ei kunstreise frå antikken til 1950, med hovudvekt på norsk kunst etter 1800. Utstillinga presenterer i kronologisk oversikt meir enn 300 norske og internasjonale mesterverk frå renessansen, barokken, romantikken, realismen, impresjonismen, symbolismen, kubismen og moderne abstraksjon. Spesielt framheva blir bilde av J.C. Dahl og romantikken, Christian Krohg og realismen, dei berømte verka til Edvard Munch, og det norske stemningsmåleriet rundt 1900.

Høgdepunkt
Høgdepunkt i museets rikhaldige samling av Edvard Munchs verk er Skrik, Madonna, Det syke barn og Livets dans. Andre høgdepunkt er Tidemand og Gudes nasjonalromantiske Brudeferd i Hardanger og nyromantikkens kanskje viktigaste verk: Harald Sohlbergs Vinternatt i Rondane. Christian Krohg er godt representert i utstillinga, blant anna med den gripande framstillinga Albertine i politilegens venteværelse.

Utanlandske verk
Av utanlandsk kunst blir skulpturar frå antikken og fleire arbeid av tyske Lucas Cranach presenterte. Den italienske kunstnaren Artemisia Gentileschis Den botferdige Maria Magdalena er blant dei viktigaste måleria frå barokken. 

Med meir enn 4 000 måleri, 1 000 skulpturar og nesten 50 000 arbeid på papir, er kunstsamlinga til Nasjonalgalleriet den mest omfattande og mangfaldige i Noreg og ein av dei største i sitt slag i Nord-Europa.

Kurator for utstillinga er Nils Ohlsen.

Sted: Nasjonalgalleriet

Adresse: Universitetsgata 13

Bestill privat omvisning

Undervisning og omvisninger

Spillelister til utstillingen

54 låter (Spotify)

Det er mulig å leie audioguide på norsk, tysk, engelsk, russisk, fransk, spansk eller italiensk for 50 kroner.

Utstillinger 45 58 ./9Swp1O1a.ips no/utstillinger_og_aktiviteter/utstillinger/ MenyplasseringHovedmeny Overstyr URL#exhibitions 2

Arrangementer